BODILSENS BESTE

Dagsavisen (NO)

Ei av vårens vakraste plater så langt er signert Jesper Bodilsen, den danske bassisten som har gledd oss i mangt eit band på jazzscenene våre. Ørsted Pedersen vart skuledannande for danske bassistar, og til den skulen høyrer også ei sterk lyrisk åre som kjennest i dansk jazz. I teksten til eit CD-omslag pryda med vakre bilete forklarar Bodilsen at han alltid har vore oppteken av bilete og samverknaden mellom ulike kunstartar.

«Short Stories For Dreamers» er ein vakker tittel på eit vakkert album, med Jesper Bodilsen i samspel med gitarist Ulf Wakenius, trompetist Peter Asplund og vibrafonist Severi Pyysalo, alle musikalske lyrikarar saman i Bodilsens paulun, der det er godt å vere. Med mange musikalske merittar i bagasjen har Bodilsen lenge sett etter musikarar til dette prosjektet. Av funna er nok finske Severi Pyysalo den minst kjende her på berget trass internasjonale merittar i fleng, den nær jamgamle Ulf Wakenius er stilsikker gitarist for alle tider, og med landsmannen Peter Asplund er den lyriske trompettonen i gode hender.

Bodilsen har hatt stor internasjonal suksess, seinast på den italienske pianisten Stefano Bollanis ECM-album, «Stone In The Water». Og det blir mildare no.